Når du smakar på eit stykke fenalår eller fårepølse frå Vossakjøt, set du tenna i eit stykke vestnorsk historie. Det meste av det daglig leder Arne Merkesdal i Vossakjøt kan om slakting, røyking og modning av kjøtt, har han lært av faren sin. Han hadde fått sin kunnskap frå sin far, som igjen hadde sett korleis far hans gjorde det. Vossakjøt brukar gamle eldhus, og modnar i vesentlig grad produkta sine i store hallar utan klimastyring. Med andre ord er manuell sjekk av produkta, eit trent auge, vær, vind og temperatur som fortel når produkta er ferdig.
Produkta blir ikkje tilsett vatn, og har lågare saltinnhald enn det som er vanleg på kjøttprodukt. Vossabygda har lange tradisjonar på å lage kvalitetskjøttprodukt, og dette i kombinasjon med manuelle produksjonsmetodar gjer Vossakjøt unike. Vi i Vossakjøt er opptekne av å foreine gamalt og nytt, av å bygge bru mellom gamle skikkar og moderne ganar. Samtidig som vi er trygt forankra i lokale tradisjonar, har vi blikket fast retta framover. Målet vårt er å gi marknaden den beste av vestnorsk matkultur, og til liks med skiskyttarar, langrennarar og kulekjørarar frå Voss, har vi allereie vunne fleire gullmedaljar for innsatsen.
Ei rekkje av produkta deira har òg Spesialitet-merket frå Matmerk, ein garanti for at forbrukaren får eit kvalitetsprodukt og ei god og spennande matoppleving. Både Vossakorv, Bondekorv, Eldhusrøykt pinnakjøt, Urøykt pinnakjøt, Hakkasteik, Eldhusfår, Eldhusrøykt fenalår, Urøykt fenalår og Spesialmodna Eldhusbacon kan smykke seg med denne utnemninga.
Enten du ønsker å lage en autentisk napolitansk pizza eller en klassisk amerikansk pizza, er valg av mel avgjørende. Her er hvordan du kan perfeksjonere begge stilene med Regal tipo 00 og Regal hvetemel ekstra.
Ost passer utmerket som forrett, dessert eller kun for kos! Nora Krogstad som er konditor og landslagskokk viser hvordan man kan sette sammen en fin ostetallerken som avslutning på et godt måltid!
Sjømat, inkludert fisk og skalldyr, er ikke bare deilig; det tilbyr også betydelige helsefordeler og bidrar til å øke forbruket av næringsrike måltider blant dine gjester. I tillegg er sjømat kjent for sitt relativt lave CO2-avtrykk sammenlignet med andre proteinkilder, noe som gjør det til et bærekraftig valg for fremtiden.
Visste du at vi i ASKO Servering har alt du trenger for å gjøre baren din komplett?