Bilde
Voss Fellesbryggeri
På Voss har me brygga øl sidan like etter at den fyrste sauen vart fødd.
Ja, det seier me i slagordet for bryggeriet. Om ikkje dette er heilt sant, så har me uansett brygga øl lenge på Voss.

På Vestlandet og spesielt Voss, finn me ein heilt unik gjærkultur kalla Kveik. Kveik betyr tenna eller setja liv. Det er det gjæren gjere i vørteren, den skapar liv gjennom å produsera alkohol og karbondioksid. Kveiken finn ein på gardar på vestlandet, der ølbrygginga har ubrotne tradisjonar. Voss Fellesbryggeri har vore på 2 gardar på Voss og henta denne urgjæren for å bruka den i produksjonen vår. Kveiken gjærar på ein mykje høgare temperatur enn andre ølgjærar, og skapar eit fruktig og spenstig smak og aromabilete. Den kan minna om tropiske frukter, sitrus og grape.

Me bryggar øl på gamlemåten slik grunderen Rune lærte det frå far sin, og me søker heile vegen attende mot det ekta norska ølet.

 

Me kokar fleire av øla våre i koparkjelen som forfedrane til Rune brygga ølet sitt på. Me fyrer med open flamme for å få med røyk og karamellisering gjennom lang koking. Nokon av øla våre har sparkje (einer) med i oppskrifta, og det er endå eit steg i retning av det gode norske ølet. Sprakje vert hausta og trekt i varmt vatn natta over. Dette vatnet vert brukt til bryggevatn dagen etter. Sparkje skapar en fin fruktig smak og ein fin farge på ølet.

 

Voss er staden for dei gode opplevingane, men ølet frå Voss vil skapa gode opplevingar langt utover Voss sine grenser. Tek du turen til Voss, kan du tinga deg ølsmaking med Voss si beste utsikt.

 

Etablert
2015
Område
Vestlandet
Rune Midttun
Produkter fra Voss Fellesbryggeri
Artikkelbilde Engangshansker

Utforsk vårt utvalg av engangshansker for hygienisk matlaging og håndtering.

Artikkelbilde Kulinaris • Made in Kolbotn

Kompromissløs smak – siden 2002

Artikkelbilde Tørrvarer

Utforsk vårt utvalg av kolonialvarer – alt fra mel og pasta til krydder og hermetikk, perfekt for storkjøkken.

Artikkelbilde Spesialiteter fra My Bakery

My Bakery tilbyr flere spesialiteter innenfor både etniske produkter, kaker og dessertkaker. Vi har plukket ut noen av våre produkter som vi håper kan passe for deg og dine gjester.

Artikkelbilde Vinterens Kaffecocktails

Kaffe fungerer godt både varmt og kaldt, også om vinteren. I kombinasjon med honningbasert tequila får kaffen en rundere karakter, og drikkene kan egne seg både etter mat eller som et alternativ når man ønsker noe med litt mer dybde i smaken.