Her på Stranda starta Karl J. Ringstad produksjon av spekepølser allereie i 1884. Sidan den gongen har vi bygd opp eit av dei tyngste fagmiljøa i Norge.
Å lage god spekemat er eit handverk som krev lang erfaring, og vi er stolte av å føre den arven vidare. Vår lidenskap for mat, basert på Vestlandets rike spekemat-tradisjonar, gir deg produkt med nye og unike smakar.
Vår rettesnor når vi lagar spekemat, er å bruke så lite salt som mulig for å få fram dei aromatiske smakane. Vi ønskjer å la kjøtsmaken, krydderne, urtene og modninga få lov til å spele opp for å lage eit spennande og harmonisk smaksbilde. Dette har resultert i eit variert utval av spennande kvalitetsprodukt som folk skal kunne vere stolte av å servere.
Vi håper dei fell i smak!

