Ofossen Mølle vart etablert i 1865 av Kveinn-Esten, og foredlar råvarene på same måte nå som da, med lokalt korn og godt handverk. Vi følgjer kornet frå jord til bord, og kan garantere eit trygt og velsmakande produkt.
Maling og foredling av bygg har foregått ved Ofossen i mange generasjonar. Det starta med ei lita bekkekvern, men det vart snart bruk for større kapasitet. Mølla vart gradvis bygd ut, og folk kom frå gardane i Skjåk og omkringliggjande bygder for å male kornet sitt. Dette gjorde at Ofossen vart ein samlingsstad, og med tida vart det både ysteri, skofabrikk, butikk og kafe her.
Bygg har gjennom alle tider vore ein svært viktig ressurs, og gardbrukarane sette æra si i å produsere korn med den beste kvaliteten. Gullmedaljen frå verdsutstillinga for landbruksprodukt i Roma i 1936 er eit synleg bevis på den gode kvaliteten.

