Bilde
Kinn Bryggeri
Klassisk handverksøl av høg kvalitet med eigenart!

Kinn Bryggeri blei etablert i 2009 av heimebryggjar Espen Lothe og kona Ann-Magritt Banne. Espen var ein del av det norske heimebyggjarmiljøet, og tidleg på 2000-talet starta fleire av ølpionerane i dette miljøet sine eigne handverksbryggeri. I 2009 stod eit meir eller mindre «heimesnikra» brygghus laga av gamle meieritankar ferdig i eit lokale i sentrum av Florø. Kinn Bryggeri tok namnet frå øya Kinn i den vakre Florø-skjærgården, og logoen er Kinnaklova, eit karakteristisk seglingsmerke for sjøfolk i tusenvis av år.

Vi gjer det på gamlemåten

 

Det produseres øl på «gamlemåten» gjennom gjæring i opne kar. Vi har eit moderne produksjonsanlegg, men hausting av gjær frå dei opne gjæringskara gjer at ein kjem nær produktet. Våre produkt er korkje pasteuriserte eller filtrerte og dei fleste av øla er flaskemodna, det vil seie at dei får utvikle kolsyre på flaskene. Dette er ein tid- og ressurskrevjande prosess, men for Kinn Bryggeri er det dette som er «ekte handverk», og vi meiner at ein kan kjenne igjen Kinn-smaken på tvers av ølstilane.

 

Kinn har heile vegen hatt eit sterkt fokus på kombinasjonen mat og øl, noko nettsida vår speglar med ein eigen matfinnar. Vi lagar i hovudsak klassiske øl i belgisk og engelsk stil, men også humlesterke øl i amerikansk stil. I det gamle bryggeriet i sentrum av Florø har vi testbryggeriet vårt der vi testar ut nye råvarer og oppskrifter. Her får Espen utfolde seg og drive med det han aller helst har lyst til: Skape nye og spennande øl «på gamlemåten».

 

Etablert
2009
Område
Vestlandet
Gründerparet Espen & Ann-Magritt
Produkter fra Kinn Bryggeri
Artikkelbilde Regal Tipo 00 – Norsk mel med italiensk karakter

Skap autentiske italienske smaksopplevelser med norskprodusert pizzamel fra Bjølsen Valsemølle i Oslo. Regal Tipo 00 er utviklet spesielt for storhusholdninger som ønsker kvalitet, konsistens og smak – uten kompromisser.

Artikkelbilde Tørrvarer

Utforsk vårt utvalg av kolonialvarer – alt fra mel og pasta til krydder og hermetikk, perfekt for storkjøkken.

Artikkelbilde Fairtrade – et enkelt valg for rettferdig handel

I vårt sortiment finner du et bredt utvalg Fairtrade-merkede varer – godt egnet til servering i ulike sammenhenger, både til ansatte, gjester og samarbeidspartnere.

Artikkelbilde Sugerør

I vårt sortiment kan du alltid være trygg på at du kun finner sugerør som er gode alternativer til plastsugerør.

Artikkelbilde Ost og øl i kombinasjon

Ost og vin er en klassiker mange fremdeles setter høyt, men flere og flere har også fått øynene opp for kombinasjonen ost og øl. Med nye smaker og kombinasjoner vil du kunne gi gjestene dine en helt ny smaksopplevelse.