Bilde
Himmelspannet
Ostar ysta på mjølk frå geit og kyr som har beita mellom mektige fjell i Hemsedal

På eit lite ysteri i Hemsedal produserast det ostar i verdensklasse etter ei gamal oppskrift. Då Tine la ned etter 70 års meieridrift i Hemsedal i 2002, slo lokale bønder seg saman og starta Himmelspannet for å ta vare på og vidareføre lange yste- og stølstradisjonar i bygda. Med oss på laget fekk vi nokre kreative hyttefolk, og historia om Himmelspannet tok form. På stølane i Hemsedal i gamle dagar, hendte det at budeia om morgonen oppdaga at noko av mjølka på mystisk vis var blitt borte. Sagnet fortel at Haugafolket hadde forsynt seg, og at den beste mjølka havna i i ”Himmelspannet» i ly av nattmørke. 

 

Vi har funne Himmelspannet!

Dei lagar ostar i verdsklasse. I dag har dei halde det gåande i 15 år, produserer cirka 20 tonn ost årleg og sysselsett omlag tre årsverk. Dei ystar på lokal ku- og geitemjølk, og produserer fire ulike ostar; Solglad, Skogshorn, Raudberg og Geiteberget oppkalla etter fjelltoppar i Hemsedal. Opphavet til ostane våre er ei gamal oppskrift som blei funne på lokal ost kalla ”seter-ost”. Den er noko tilpassa, og vi har også vore litt kreative rundt basisoppskrifta, som har likskapstrekk med Camembert. Himmelspannet har motteke fleire prisar for ostane sine, blant anna som finalist til Årets ost frå Det Norske Måltid. Dei to raudkittostane Solglad og Raudberg er begge tildelt merket Spesialitet, og Raudberg og Skogshorn er godkjent økologiske.

 

Vi tek vare på tradisjonar


Vi ynskjer å bidra til å ta vare på lange støls- og ystetradisjonar i bygda, og å vidareføre kunnskap om desse. Vi trur ostane våre fell i smak hos folk fordi det rett og slett er gode ostar med særpreg; det er handverksprodukt laga for hand i alle ledd, med omtanke og kjærleik til produkt og råvarer. Vidare synest dei det er viktig med lokale varer og produkt fordi det bidreg til mangfald, stoltheit og arbeidsplassar. Vi tek vare på tradisjonar og har fokus på kvalitet og dyrevelferd i ei anna grad enn det er mogleg i industrien.

Etablert
2003
Område
Østlandet
Gründer Jørgen Roll
Produkter fra Himmelspannet
Artikkelbilde Nyheter fra Nortura PROFF

Nortura PROFF lanserer nye, spennende produkter i februar!

Artikkelbilde Kjøp mopper og få produkter med på kjøpet

Kampanje på UNIQ Duotex mopper fra Lilleborg. Kjøp mopper, kontakt Lilleborg for å informere om hva du har kjøpt, og få tilsendt gratis mopper, skaft eller stativ.

Artikkelbilde Meieri

Meierikategorien omfatter et bredt produktspekter. Her finner du melkeprodukter, osteprodukter, mellomretter og iskrem, i tillegg til smør og margarin. I samtlige av disse produktgruppene tilbyr vi plantebaserte alternativer.

Artikkelbilde Idun Bake- og Kakemikser

Idun Bake- og Kakemikser tilpasset serveringsmarkedet! Med høstens nyheter fra Idun får du proffe og funksjonelle ingredienser, i praktiske 5 kg sekker. Bruk en og samme miks til utallige bakevarer – eller bland to mikser for enda mer variasjon: Én miks — mange muligheter!

Artikkelbilde Er dine kunder opptatt av vegetar?

Bevisstheten rundt miljø og bærekraft har blitt sterkere hos både forbrukere og serveringssteder. Etterspørselen etter vegetariske alternativer er større enn aldri før, og aldri har det vært lettere å tilby plantebasert mat.