
På eit lite ysteri i Hemsedal produserast det ostar i verdsklasse etter ei gamal oppskrift. Då Tine la ned etter 70 års meieridrift i Hemsedal i 2002, slo lokale bønder seg saman og starta Himmelspannet for å ta vare på og vidareføre lange yste- og stølstradisjonar i bygda. Med oss på laget fekk vi nokre kreative hyttefolk, og historia om Himmelspannet tok form. På stølane i Hemsedal i gamle dagar, hendte det at budeia om morgonen oppdaga at noko av mjølka på mystisk vis var blitt borte. Sagnet fortel at Haugafolket hadde forsynt seg, og at den beste mjølka havna i i ”Himmelspannet» i ly av nattmørke.
Dei lagar ostar i verdsklasse. I dag har dei halde det gåande i 15 år, produserer cirka 20 tonn ost årleg og sysselsett omlag tre årsverk. Dei ystar på lokal ku- og geitemjølk, og produserer fire ulike ostar; Solglad, Skogshorn, Raudberg og Geiteberget oppkalla etter fjelltoppar i Hemsedal. Opphavet til ostane våre er ei gamal oppskrift som blei funne på lokal ost kalla ”seter-ost”. Den er noko tilpassa, og vi har også vore litt kreative rundt basisoppskrifta, som har likskapstrekk med Camembert. Himmelspannet har motteke fleire prisar for ostane sine, blant anna som finalist til Årets ost frå Det Norske Måltid. Dei to raudkittostane Solglad og Raudberg er begge tildelt merket Spesialitet, og Raudberg og Skogshorn er godkjent økologiske.
Vi ynskjer å bidra til å ta vare på lange støls- og ystetradisjonar i bygda, og å vidareføre kunnskap om desse. Vi trur ostane våre fell i smak hos folk fordi det rett og slett er gode ostar med særpreg; det er handverksprodukt laga for hand i alle ledd, med omtanke og kjærleik til produkt og råvarer. Vidare synest dei det er viktig med lokale varer og produkt fordi det bidreg til mangfald, stoltheit og arbeidsplassar. Vi tek vare på tradisjonar og har fokus på kvalitet og dyrevelferd i ei anna grad enn det er mogleg i industrien.



ASKO Servering er en totalleverandør, det betyr at vi også leverer nonfood-produkter. I sortimentet vårt finner du over 4000 produkter innen nonfood.

Meierikategorien omfatter et bredt produktspekter. Her finner du melkeprodukter, osteprodukter, mellomretter og iskrem, i tillegg til smør og margarin. I samtlige av disse produktgruppene tilbyr vi plantebaserte alternativer.

Førsteklasses juice og iste fra Rauch og moderne maskiner som du låner gratis!

Har din bedrift startet med, eller vurdert å starte med takeaway eller catering? Vi ser at mange av dere er kreative og finner nye måter å servere kundene på om dagen. Vi heier på dere, og ønsker å hjelpe til med å foreslå produkter som kan være til hjelp.

Når folk samles øker risikoen for smitte. Sørg for at du har alt du trenger for å opprettholde smittevern og gi gjestene en trygg opplevelse.