Bilde
Balholm
Kunnskap og tradisjon frå Sogn
Regionen er rekna som det eldste fruktområdet i Noreg – her har frukttrea truleg blømt sidan vikingtida.

Fruktbøndene i Sogn er vane med eit liv i bratte bakkar. Langs dei irrgrøne liene opp frå Sognefjorden ligg dei minste fruktgardane i landet. Regionen er rekna som det eldste fruktområdet i Noreg – her har frukttrea truleg blømt sidan vikingtida. Det store fjordbassenget svalar frukta om sommaren og lunar trea om vinteren. Nedarva tradisjon, blanda med ny vitskapeleg innsikt er grunnlaget for Balholm sine drikkevarer.

Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her på Vestlandet, og bestefar Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922. Då barnebarnet Åge overtok bruket på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Han sa opp stillinga som høgskulelektor for å etablere Balholm og Ciderhuset. Balholm – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; ​den første heilt naturlege fruktmost på den norske marknaden.​ 

Bestefar Andreas planta ut frukthagen i 1922


Balholm har i 20 år arbeida med eple, fruktdyrking, foredling av eplemost og bærmost i mange ulike variantar. I dag har Balholm seks tilsette og produserer omlag 300 000 liter drikke i året. I 1999 importerte Åge kvist av 13 ulike cidereplesortar frå Normandie og Somerset, og har poda opp omtrent 1000 tre som no er i full bering. Det er første gong slike cidereple vert prøvde ut i norsk klima. ‘Cidor’, ‘Belle Fille de la Manche’, ‘Major’, ‘Ellis Bitter’ og ‘Yarlington Mill’ er nokre av desse sortane. Bittersmaken frå desse eplene gir same oppleving som tannin i vin og humle i øl; det gir kraftigare smak som varer lengre. Også i eplebrennvin bidreg desse sortane til ein langt meir kompleks smak. ​I tillegg nyttar vi heile frukta med skal, slik at alle aromastoff blir med i destillatet. 

Sogn er den fruktregionen i landet som har flest økologisk godkjende fruktprodusentar



Balholm har som målsetjing at økologisk naturmost frå Sogn skal vere tilgjengeleg i daglegvarebutikkar over heile landet. Førebels er råvaretilgangen for liten til dette. Vi arbeider difor med å auke den økologiske fruktproduksjonen gjennom å få i stand kontraktdyrking.
Saman med Økoringen Vest, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Planteforsk avdeling Njøs har Balholm gjennom fleire år vore med på ei fagleg nivåheving av den økologisk fruktproduksjon som har hatt klare ringverknader til resten av landet. Alliansen mellom forsking, rettleiingsteneste, dyrkarar og foredling ga konkrete resultat etter få år. ​Sogn er i dag den fruktregionen i landet som har flest økologisk godkjende fruktprodusentar. I Aurland og Balestrand er over 10 % av jordbruksarealet omlagt til økologisk.

Etablert
1999
Område
Vestlandet
Gard Eitungjerde Høyvik
Artikkelbilde Ti ting du kanskje ikke visste om vafler

Den norske vaffelen er egentlig svensk, men rekorden på verdens største vaffel er det en nordmann som sitter på.

Artikkelbilde Fra frukt til bønne: Gjæringsprosessen påvirker kvaliteten

I de aller fleste land plukkes kaffebærene for hånd. Det går med rundt 5000 bær til en kilo ferdig brent kaffe! Bærene plukkes når de er modne, det vil si når bærene endrer farge fra grønn til gul og deretter rød – med ett unntak! Kaffesorten gul bourbon har en genetisk feil og blir ikke rød, men – som navnet tilsier – dyp gul når bærene er modne.

Artikkelbilde Mørkbrent eller lysbrent?

Noen foretrekker mørkbrente kaffevarianter mens andre synes best om lysbrent kaffe. Det er smak og behag! Men hva består forskjellene i?

Artikkelbilde Nyheter fra Reinhartsen

Det beste av det meste innen sjømat, vilt og spesialiteter!

Artikkelbilde Brødrene Øyo kniver

Brødrene Øyo på Geilo har laget verktøy, økser, kniver, kjøkkenutstyr og gaveartikler i over 130 år. Kvalitet er grunnstenen i familiebedriften, og slik har det vært siden Knut Øyo startet historien i 1882.