Bilde
Valdresmeieriet
På garden Færden i Valdres har familien Wangensten foredla råvarer frå naturen i generasjonar
I 2011 valde dei å føre nokre av desse tradisjonane vidare og etablerte Valdresmeieriet.

Valdresmeieriet

 

Det har i lang tid vore tradisjon for osteproduksjon i Valdres. Kunnskapen gjekk i arv, og det var vanleg å yste på stølane (sætra) om somrane.

 

Vi held til i moderne meierilokaler på Fosheim i Røn, og då vi flytta inn var det nøyaktig 100 år sidan det vart starta ysteri i same hus for fyrste gong. Det er difor ekstra moro at satsinga har betalt seg med tittelen "Årets ost" for osten Fosheim og tittelen ”Årets matspire” i den prestisjetunge matkonkurransa Det norske måltid, samt at vi har hausta fleire gull-, sølv-  og bronsemedaljer i World Cheese Award.

 

Handlaga ost av heilmjølk

På Valdresmeieriet ystar vi Valdres Ost for hand, av heilmjølk som vert levert frå utvalde gardar i Valdres. Valdres Ost er faste gulostar med og utan krydder, og namna har dei fått frå stølsområda i området rundt meieriet som ligg i Vestre Slidre i Valdres. Vi lagar tre variantar med krydder og to naturelle variantar.

 

 

 

valdresmeieriet.jpg

Mjølk frå kyr på sommarbeite i fjellet


Om sommaren flyttar mange bønder i Valdres til fjells med buskapen sin. Stølsdrift (seterdrift) har lange tradisjonar i Valdres og området er Europas største gjenlevande stølsregion. Stølslivet er ein viktig trivselsfaktor for bøndene, men det handlar òg om pleie av kulturlandskapet, dyrevelferd og det å ivareta eit rikt biologisk mangfald. Stølane ligg på mellom 800 og 1000 moh og dette gjev spesielt gode høve for produksjon av ei heilt spesiell råvare, nemleg stølsmjølk.

 

På Valdresmeieriet ystar vi Valdres Ost for hand, av heilmjølk som vert levert frå utvalde gardar i Valdres.

 

 

Stølsmjølk er mjølk frå kyr som beiter fritt i fjellet om sommaren. Her får kyrne gå fritt og beite på det dei vil av friskt gras, urter og fjellplanter. Dei frodige beiteforholda gjer at mjølka vert ekstra god. Det er spesielt samansetninga av feittsyrer i mjølka og innhaldet av antioksidantar som skil seg positivt ut, samanlikna med vanleg mjølk. Vi ser at feite produkt som ost, rømme og smør blir gulare enn når det lagast av vanlig mjølk, og det er av denne gode stølsmjølka Bufarosten vert laga. Bufarosten lagrar vi i minst 12 månader, men helst lenger.

 

Lagring

Osten vert mogna som ca 10 kilos ostehjul på trehyller i spesielle mogningsrom der temperatur, fukt og ventilasjon vert styrt nøye. Her lagrast osten frå tre månader og opp til tre år. Under lagringa må ostane vendast ofte for å få jamn mogning i heile osten.

 

 

blobid1.jpg

Kvalitetsost med rik og ekte smak

Kjærleiken til Valdres pregar fullt ut alt vi gjer. Vi er opptekne av kvalitet i alle ledd, frå råvare til produksjon og leveranse. Og vi er stolte av å levere kvalitetsost av lokale råvarer, med ein rik og ekte smak.

Etablert
2011
Område
Innlandet
Gründer: Jørn Færden Wangensten
Produkter fra Valdresmeieriet
Artikkelbilde Rødt og hvitt kjøtt

Kjøtt utgjør en stor og allsidig varegruppe av både ferske og fryste produkter. Her finner du en rekke produkter av rødt og hvitt kjøtt. Enten du er på utkikk etter et gourmetprodukt eller et rimeligere alternativ, har vi mye som vil passe for deg og ditt serveringssted. Viktige verdier for våre leverandører er kvalitet, håndverk, tradisjon og innovasjon.

Artikkelbilde Profiler emballasjen din med bedriftslogo!

Hos ASKO Reklame kan du bestille materiale for bedre profilering av din bedrift

Artikkelbilde Dispenser

Hos ASKO Servering finner du ulike dispensere for et hvert bruk for tørk og hygiene. Vi har over 4000 produkter innen varegruppen nonfood.

Artikkelbilde Ost og øl i kombinasjon

Ost og vin er en klassiker mange fremdeles setter høyt, men flere og flere har også fått øynene opp for kombinasjonen ost og øl. Med nye smaker og kombinasjoner vil du kunne gi gjestene dine en helt ny smaksopplevelse.

Artikkelbilde Kjøp mopper og få produkter med på kjøpet

Kampanje på UNIQ Duotex mopper fra Lilleborg. Kjøp mopper, kontakt Lilleborg for å informere om hva du har kjøpt, og få tilsendt gratis mopper, skaft eller stativ.