Gardsbrenneriet
Bilde
Gardsbrenneriet
Idyllisk plassering i Nordfjord
Staden har til og med sin eigen historiske eplesort.

Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Garden har i dag ein stor økologisk eplehage med nærare 4000 epletre som dannar basis for eplemost og siderproduksjonen deira. Staden hvor garden ligger har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer.  

 

Gardsbrenneriet_dronefoto_utan_logo (4).jpg       Gardsbrenneriet-42.jpg

 

Unike smakar av naturlege råvarer

Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer frå landbruket. Det var naturleg å lansere brennevin og likørar basert på frukt og bær som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene alltid står i fokus. Her blir produsert alt frå forskjellige eplemostar til brus, seltzer, cokctails, sider, likørar og brennevin og dei brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar dei sjølv. Garden har også lange tradisjonar for grønsaksdyrking og dyrkar enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta sjølv. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen.

 

Gardsbrenneriet_utan_logo-1.jpg

 

Teknologi og innovasjon

Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på Sandane i Gloppen. Gardsbrenneriet har utvikla eigne metodar, prosessar og smakar. Dei har mellom anna utvikla sin eigen prosess for småskala omdanning av myse til brennevin. I 2019 lanserte dei Norges første gin basert på mysebrennevin som ein hyllest til Dagros og norsk landbruk. I det ferskaste og så langt villaste prosjektet til Gardsbrenneriet så dyrkes sukkerbetar på garden som vidareforedlast til velsmakande norsk rom! Fellesnemnaren for alle produkta til Gardsbrenneriet  er fokuset på vidareforedling av norske landbruksprodukt av høg kvalitet til nydeleg drikke.

 

Gardsbrenneriet-90.jpg       Gardsbrenneriet_utan_logo-6.jpg       Gardsbrenneriet-16.jpg

Etablert
2012
Område
Vestlandet
Jann Vestby
Produkter fra Gardsbrenneriet
Artikkelbilde Engangshansker

Engangshansker har blitt enda mer vanlig de siste par årene, Vi har nitrilhansker, latexhansker og vinylhansker på lager.

Artikkelbilde Drikkevarer

Drikkevarer er en rikholdig kategori, med produkter fra både store og små produsenter. Med vårt sortiment har du alle muligheter til å sette sammen en spennende drikkemeny.

Artikkelbilde Profiler emballasjen din med bedriftslogo!

Hos ASKO Reklame kan du bestille materiale for bedre profilering av din bedrift

Artikkelbilde Alternative produkter

Det er viktig å ta hensyn til ulike kosthold og allergier når du setter en meny! Om noen av dine gjester er allergisk, intolerant eller følger bestemte kostholdsregler bør du ha noe å tilby. Her vil du finne alternative produkter som er melkefrie, glutenfrie og som kan brukes som erstatning for kjøttprodukter.

Artikkelbilde Årets nyheter fra Nic og Naturli'

Det er på tide å planlegge sommerens ismeny og vi har mange spennende produkter til både iskiosk og andre utsalg! Hva med kuleis i porsjonsstørrelse fra Naturli'? Eller nye og spennende strøssel og toppinger til softisen?